Dovrelam
- smak av høgfjell og tradisjon
   Hjem      Aktuelt

Aktuelle nyheiter

28.06.2016
Her har det visst vore stille lenge... Men det har skjedd mykje på bruket! :)
Mange fine lam kom til verda i april og mai, og no kosar dei seg på godt beite høgt til fjells! :)
 
Vi har akkurat produsert meir av våre populære middagspølser; noko er alt seld, men vi har fortsatt att nokre kilo med både chili/salvie og røykte.
 
23.juli går årets markedsdag under Markens Grøde av stabelen. Dovrelam stiller som i fjor med eigen salsbod, og smaksprøver på både fenalår og lammepølser. 
 
04.10.2015
Lillehammer Mataukfestival er vel blåst, og "torgkona" unnar seg ein litt rolegare dag i dag! :)  Tusen takk til alle som var innom oss desse dagane, og slo av ein prat og kanskje handla med seg litt god haustmat! :)   
 
Det er enno att lammekjøtt frå denne veka, og neste veke blir det ei ny runde med nedskjering og pakking. Det er med andre ord fortsatt gode sjansar til å få tak i årets ferske gode lammekjøtt! 
 
29.09.2015
Beitesesongen er over, sauane har kome heim, og vi er i gang med årets produksjon av ferskt lammekjøtt!  Det blir skore og pakka kilosvis med fårikålkjøtt, lammekotelettar, lammesteik og lammesadel. Og sidene som skal bli godt pinnekjøtt er lagt i salt, og skal straks hengast til tørking. 
 
Vi blir å treffe på årets Mataukfestival på Lillehammer 2. og 3. oktober. Då har vi med oss ferskkjøtt i ulike variantar, samt litt syltetøy. Velkomne! :)
 
02.08.2015
Årets lammesesong nærmar seg, men litt meir ferie til fjells skal nok saueflokken få enno! 
Siste rest av fjorårets produksjon, i form av fenalår og spekepølser, er i dag levert på Avdemsbue.  Så, for den som vil nyte litt god spekemat frå Dovrefjell, er det berre å legge turen innom det som må vere Noregs triveligaste butikk! 
Det er og råd å få ein liten smak ved å besøke Markens Grøde på Lesja bygdetun fyrstkommande tysdag; 4. august. Der vil det bli smaksprøver på fenalår, spekepølse, middagspølse og lammerull. "Mor Ellen" har og med seg litt plommesyltetøy og rabarbrasyltetøy for den som vil ha skikkeleg smak av sommar på skiva! 
 
01.06.2015
Og vips var over to månadar gått, lamminga er over og kalenderen viser juni! På jordet hoppar og sprett årets lam, og no stunder både folk og fe på sommartemperaturar og beite i fjellet. 
 
4. august deltek vi på årets Markens grøde-marknad på Lesja Bygdatun. Her blir det som tidlegare mykje liv og røre, aktivitetar for store og små, kalvemønstring, god stemning og mange gode smakar. Vi kjem til å ha med fenalår og spekepølse av lam, samt rabarbra- og plommesyltetøy.
 
24.03.2015
No nærmer vårens vakraste eventyr seg med stormskritt! Vi snakkar sjølvsagt med lemminga! :)   Dette er ei fantastisk, men arbeidssom tid for både store og små. I nokre hektiske vårveker vert grunnlaget for både vidare besetning og Dovrelam-produkta lagt.
Sjølv om det enno er ein månad igjen, har vi riktignok alt fått selskap av denne gode og søte krabaten! ;)   
 
 
06.03.2015.
Årets fenalår er no klare til å nytes!
Fenalåra vart salta, røykt og hengt på stabburet til tørking/speking i haust, og no er dei klare til bruk. 
Kontakt oss direkte, eller kjøp via Gudbrandsdalsmat. 
 
01.02.2015
Det er rolege tider i kjøttforedlingslokalet, men på garden er det full drift! I fjoset er det enno "stille før stormen", men godrunde søyer ber bud om mykje arbeid og mykje kos i lemminga. :)  
Men det er likevel mogleg å skaffe seg ein smak av Dovrelam også no. Sjekk  produktoversikta for å sjå kva vi har tilgjengeleg. Kan anbefale ferske middagspølser av lam. :)
 
13.12.2014
Heime att frå julemarknad på Gålå, og klare til "julebutikk" i gardsutsalet her heime i morgon mellom 12 og 14. Jentene byr på pepparkaker og gløgg, og i hyllene er det både kjøttvarer (sjå utvalet under notis frå 10.12.), syltetøy og litt håndarbeid. Kanskje dei siste julegåvene ligg og ventar her?? :)
Pinnekjøttet som bestilt vert pakka no, og kan hentast her mens gardsutsalet er ope i morgon.
Velkome til gards!
 
10.12.2014
Fyrstkommande laurdag deltek vi på julemarked på Tagestad seter på Gålå. Har med lammerull, lammelår, sadel, fersk og salta/røykt skank, lammepølse og pinnebog. Pinnekjøtt er vi heilt utseld for, men pinnebogen (tillaga som pinnekjøtt, men frå bogen, noko meir kjøttfylt) er eit godt alternativ eller supplement til pinnekjøttet. Anbefalast å prøve! :)
Vel møtt på Tagestad mellom kl 12 og 16!
 
25.10.2014
Lammesesongen er i full gang, og vi er godt i gang med produksjonen av julas  pinnekjøt og lammerull. Pinnekjøtet blir fort utseld, og mykje er alt borttinga, så her gjeld verkeleg fyrstemann-til-mølla-prinsippet! Ta kontakt om du ønskjer å sikre deg pinnekjøt frå Dovrelam til årets julemiddag!
 
Ellers blir vi å treffe på Bondens Marked på Lillehammer laurdag 8.november. Det blir arrangert på Lilletorget mellom kl 10.00 og 16.00. Vi har med oss både fårikål/frikasse-kjøt, surra lammesteiker, lammesadlar og lammeskank. I tillegg kan det bli mogleg å bestille pinnekjøt.
I tillegg kan du få kjøpt rognebær- og eplegele og krydderrips; begge delar passar ypperleg til kjøt og i sausar! 
Vel møtt, vi gler oss til ein triveleg matprat! :)
For meir info om Bondens Marked og kven andre som stiller der: www.bondensmarked.no
 
01.10.2014:
Enno ei god stund til jul, men vil likevel informere om at vi laurdag 13. desember blir å treffe på "Julemarked på Tagestad Seter". I flotte omgjevnadar på Gålå inviteres det til julemarknad der det blir både lokalmat, husflid og handtverk. Sjå Facebook-sida deira for meir info: Julemarked på Tagestad Seter
 
29.09.2014:
Vi blir å treffe på "Sauedag" på Klones i Vågå, fyrstkommande laurdag, 4.oktober. Her blir det mogleg å kjøpe ein smak av årets lam, samt å slå av ein god matprat! Vel møtt innom vår stand frå kl 12 til kl 17 laurdag!
 
26.09.2014:
Lokala våre er ferdige, og dei fysste lammeskrottane heng klare på kjøla! No er vi i gang! :)
 
20.09.2014:
Etter fleire flotte månadar til fjells, er no alle sauane komne heim att. Store fine lam og god-runde søyer vitnar om godt beite! :) 
 
 
 
 
 
 
 
                                                                                   Foto: Maria Kampesæter