Dovrelam
- smak av høgfjell og tradisjon
   Hjem      Om oss og garden

Sørungard

Garden Sørungard er heimgarden til Ellen, og
det har tidlegare vore
både sauehald og mjølkeproduksjon her.
 
Garden ligg i den
solvendte dalsida lengst
aust i den lange vakre
Lesja-bygda øverst i Gudbrandsdalen, 650 moh. 
Det meste av dyrka jorda
på garden ligg nedanfor
sjølve gardstunet, i
dalsida ned mot Gudbrandsdalslågen. 
 
 
 
I tillegg til grasproduksjon
og sauehald, driv vi og
skogen som høyrer til
garden. Her tek vi ut både tømmer og ved.   
 
 
 

Om oss

 
Vi er ein familie på fire, beståande av
tvillingjentene Ragnhild og Åshild, mor Ellen og far Håvard.
 
Foto: Maria Kampesæter  
 

På eit familiebruk må alle hjelpe til, og jentene er ikkje vanskelege å be, uansett om det er snakk om å mate kopplamma, vere med på tilsyn i sommarfjellet eller å sope reine fôrbretta. 
 
Foto: Maria Kampesæter    
 
Vi sett pris på tradisjonell matauk, også utanom kjøtproduksjonen. Om sommaren er det fiske i fjellvatna, og om hausten er det tid for frukt og bær. Kvar årstid har med seg sine oppgåver og sine smakar. 
 

Setra vår

Om sommaren kosar sauane våre seg på eit fantastisk fjellbeite. Med utgangspunkt
i setra vår på Grønsetra kan dei boltre seg på store frie fjellvidder med friskt og
frodig beite frå juni til september.
 
Også vi tobeinte stortrives på setra og fjellet her, både på sommarstid og om vinteren. På vinteren er setra både eit fint turmål og eit godt utgangspunkt for lengre skiturar innover fjellet.
 
 
Om sommaren flytter vi
gjerne opp på setra for fleire dagar om gongen. Det er herleg å vakne opp i frisk fjelluft, med flott utsikt og til lyden av sauebjøller på seterkvea! Og det er litt av denne stemninga og livskvaliteten vi ønskjer å vidarebringe gjennom lammekjøtet vårt , "med
smak av høgfjell og tradisjon".