Dovrelam
- smak av høgfjell og tradisjon
   Hjem      Produkter

 


Lammerull på lefse er nydeleg julemat
 
Lammegryte med fårikålkjøt frå Dovrefjell og inspirasjon frå Frankrike
 
Pinnekjøt med mandelpotet og rotstappe er tradisjonsrik julemiddag

Lammekjøt- godt året rundt

Vi ønskjer å tilby eit godt utval av lammekjøt. Lammekjøt passar til alle årstider, sjølv om ein del er mest vanleg som "sesongvare".
 
Til dømes er jo fårikålkjøt tradisjonelt ei haustvare; men prøv og fårikålkjøtet i ei varmande lammegryte etter sundagsturen i februar!
Nokre av produkta våre treng noko ekstra tid til for å bli klare, slik som fenalåret. Desse vert salta og lettrøykte, og deretter hengde til tørk på stabburet. Fenalårene er ferdige på forsommaren året etter, i tide til sommaren sine spekemattallerkenar. 

Produktliste:

  • Pinnekjøt - røykt og urøykt
  • Pinnebog (som pinnekjøtt, men frå bogen)
  • Fenalår
  • Lammerull - lettrøykt og urøykt
  • Lammesadel (ryggstykke med indre- og ytrefilet
  • Lammekotelettar
  • Lammelår - med bein
  • Lammelår - utbeina og surra
  • Fårikålkjøt
  • Lammeskank - fersk og salta/røykt
  • Middagspølser av lam
    - fleire ulike typar

Røyking av kjøtet

Vi har kombinert dei gode råvarene frå høgfjellet på Dovrefjell med gode mattradisjonar frå Hardanger og Vestlandet.

Dette gjeld spesielt dei produkta vi røyker. Lammekjøt eignar seg veldig godt til røyking.
Røykinga foregår i eit eige røykehus, og kjøtet blir kaldrøykt. For å få ein ekstra god smak på kjøtet brukar vi litt einerbar mot slutten av røyketida.

Foto: Maria Kampesæter